Plan for 2022
Bilda viser Melis som kvalp 2-3 mnd.

2022: Melis 3 år gammal er undersøkt og godkjend til avl. Går alt etter planen, kan det bli kvalpar seint på hausten.
Kvalpar vert til vanleg leverte når dei er 8 veker gamle.

Kvalpane blir helsesjekka, vaksinerte og id-merka med chip når dei er 7 veker gamle.
Du vil få med kvalpen si helsebok.
Frå Kennel Nor får du kvalpen si stamtavle.

Du får med deg heim ein liten krabat som kan vere vilter den første tida, slik kvalpar oftast er. Ver tolmodig og gje den masse kjærleik og kos! Du får ein trygg og glad hund når du rosar og belønner positiv åtferd. Den fortener å bli ein høgt skatta medlem av familien!